blank
Norsk Læravholdslag Norsk Læreravholdslag
Hjem Om Rusfri Oppvekst Nyheter Publikasjoner Medlemsblader Ressurskatalog Leserinnlegg Arrangement Kontakt Linker

Hjem > Publikasjoner >  Samarbeid heim - skule som ledd i det førebyggjande arbeidet

Samarbeid heim - skule som ledd i det førebyggjande arbeidet

2000-12-20

Av kateket Jon Ytrehorn, Hornindal

"Framtida sit på skulebenken" - eller ...?

"Framtida sit på skulebenken!" Slik heiter det i ein parole som er både velkjend og velbrukt. Parolen er dekkande i den forstand at dei haldningar og verdiar som skulen i dag maktar å formidle til barn og unge, vil elevane bere med seg og bli prega av i vaksen alder. Dei vil liggje der som ein base som langt på veg formar både norm- og verdival, samfunnssyn og menneskesyn til dei som skal byggje og leie morgondagens samfunn. Derfor: den som vil vere med på å forme framtida, satsar på skulen.

Men parolen er samstundes tilslørande fordi den utelet eit faktum som i dag vert meir og meir tydeleg. Nemleg dette at dagens skule ikkje er åleine om å forme den unge generasjon. Gjennom vår mediakultur med radio, film, fjernsyn, video og internett mottek barn og unge informasjonar og impulsar som formar kunnskapshorisont og påverkar interesser, normer og verdiar på ein avgjerande måte. Og gjennom kjøpepress, reklame og klesmotar vert barn og unge utsette for eit bombardement av impulsar og ideal som formar kroppsmedvit og sjølvbilete, normer og livsstil.

Endeleg er parolen "Framtida sit på skulebenken" misvisande i den forstand at den gløymer den viktigaste av alle påverknadsfaktorar, nemleg heim og familie. Med jamt større tyngde slår både pedagogisk og psykologisk forsking fast at ingen påverknadsfaktor er så sterk på barn og unge som nettopp mor og far, sysken og nære familiemedlemar. Særleg synest dette å gjelde den emosjonelle, sosiale, moralske og religiøse utviklinga, altså sider som på ein særleg måte er konstituerande for utviklinga av personlegdomen. "Tonen i heimen avgjer klimaet i storsamfunnet!" er ei formulering som inneheld ein gammal, men like aktuell livsvisdom.

Samarbeidet heim-skule - stadig meir aktuelt!

Innan den del av pedagogikken som spesielt arbeider med oppdragelsesspørsmål er det vanleg å skilje mellom formelle og informelle oppdragelsesorgan. Dei formelle oppdragelsesorgana er i tillegg til heim og foreldre slike som barnehage, skule, kyrkje, lag og organisasjonar med spesielle formål. Altså organ som har fått eit mandat frå foreldra til å gje barnet ei opplæring og ein oppdragelse som er i pakt med foreldra sine grunnleggjande ynskje. Desse organa har ei definert målsetjing som klårgjer kva innhald og retning og mål dei arbeider etter. Foreldra kan overlate sine barn til desse, rimeleg trygge på at dei kunnskapar og haldningar,impulsar og verdiar som der vert gjevne er i samsvar med det foreldra forventar og delvis kan etterprøve. Skulle det motsette vere tilfelle, er det foreldra sin demokratiske rett å melde frå om dette og be om at deira ynskje om endring i viss grad kan verte tekne omsyn til.

Dei informelle oppdragelsorgana er slike som dagens underhaldnings- og fritidsindustri, våre nye og eldre massemedia, den kommersielle kjøpe- og forbrukarkulturen med sitt kjøpepress og motediktat osv. Eigentleg er det ikkje rett å kalle dei for organ, dertil er dei for samansette og vanskeleg å få grep på. Meir er dei oppdragelsesfaktorar som utgjer ei enorm påverknadskraft som ingen kan vere uberørt av. Dei er utan klårt definerte mål, bortsett frå dette at dei skal underhalde eller stimulere til auka forbruk. I motsetning til dei formelle oppdragelsesfaktorane kan foreldra ikkje rekne med at desse vil gje ein norm- og verdibase som dei kan vere rimeleg trygge på er i samsvar med deira grunnleggjande ynskje. Og langt mindre kan foreldra rekne med at desse kulturane er villige til å lytte til kritikk foreldra målber, og å ta denne til følgje. Med si sterke gjennomslagskraft står desse kulturane fram som konkurrentar, i blant motstandarar, meir enn som medspelarar til foreldra.

 

Nokre døme: Foreldre ynskjer at deira barn og unge skal lærast opp til å vise respekt for liv og menneskeverd. Film og video derimot teiknar ei spennande verd av sadisme og rå vald. Foreldre flest ynskjer å halde fram truskap, respekt og likeverd mellom dei to kjønn. Mediakulturen spekulerer i kvinna som kjønnsobjekt, i uforpliktande sex og spennande trekantforhold. Skule og barnehage ynskjer å vektleggje respekt og likeverd mellom kulturar, og ansvar for natur, miljø og for menneske i den fattige delen av verda. Vår forbrukarkultur sentrerer om kjøpepress, kroppsfiksering og sjølvdigging. Våre formelle oppdragelsesorgan ynskjer å halde fram ei ansvarleg og medviten haldning i forhold til alkohol og rusmidlar. Sterke krefter i samfunnet, forsterka av film- og videokulturen, teiknar eit glans- og heltebilete av folk som nyt dei mange og sterke drinkar og oppnår suksess og status ved det.

Med dette er vi komne både til det tema og den utfordring som vi ynskjer å reise gjennom denne artikkelen. Nemleg at foreldre flest ynskjer ein oppdragelse av sine barn som er prega av ansvar og medviten haldning når det gjeld rusmidlar. Skulen står for dei same haldningane, ut frå overordna mål og læreplan. Men skule og heim møter ein sterk konkurranse frå store deler av dagens underhaldningsindustri og forbrukarkultur. Ein konkurranse som dei langt på veg vil tape, dersom dei ikkje finn saman og målmedvite tek kampen opp. (Det er tankevekkjande å registrere at alkoholindustrien, som er verdas neststørste industri, berre slått av våpenindustrien, har som uttalt global målsetjing å erobre to nye store kjøpegrupper: nemleg menneske i den 3. verda - og unge menneske i Vesten!) I lys av slike perspektiv seier det seg sjølv at eit samfunn som ikkje aktivt tek kampen opp, nasjonalt og lokalt, er dømt til å oppleve at alkoholindustrien erobrar stadig nye skansar og vinn jamt nye sigrar!

Det problematiske foreldresamarbeidet ? !

  • Ut frå det som vi har vore innom skulle det vere klårt at tida er overmoden til å setje emnet "Barn, ungdom og alkohol" skikkeleg på dagsorden i skule-heim samarbeidet lokalt. Og mange stader skjer det, i form av foreldremøte og handlingsplanar for samarbeid heim-skule.
  • Problemet er berre at sjølv om mange er samde om at dette er eit viktig emne, er det ikkje alltid så lett å skape ei open og tillitsfull samtaleatmosfære.

Kven har vel ikkje opplevd følgjande: Det er foreldrekveld på skulen (5.-7. klasse). Temaet er "Barn, tenåringar og alkohol". Innleiarane er lokale fagfolk med godt grep på emnet. Her får foreldra presentert faktastoff både om alkoholens skadeverknader på unge menneske og om drikkemønster og drikkepress i det lokale ungdomsmiljøet. Dei får ei sterk understreking av foreldra sitt ansvar som normsendarar og rollefigurar heime. Det heile gitt på ein sakleg, engasjerande og tankevekkjande måte. Men når samtalen og diskusjonen tek til, skjer det noko. Det blir noko spent og fortrykt over atmosfæren. Få vil ta dette inn over seg som ei personleg utfordring. Få vil ha ei innblanding i privatlivet sin fred. I den grad ansvaret skal gjevast ein adressat, er det etatar og organ utanfor heimen som vert tekne fram. Politi, fritidsklubbar, skjenkestader, politikarar, helse- og sosialetat osb., det er dei som må sjå sitt ansvar. Ikkje foreldra sjølve!

Kvifor går det så ofte denne skeive vegen?

Det kjenslelada emnet

Få emne er så krevjande å ta opp under foreldremøte som nettopp slike som går på livsstil og haldningar knytte til privatliv og familieliv. Slike rører ved sterke kjensler hos foreldra. Dei vil lett kjenne seg provoserte, noko som medfører at dei mobiliserer både intellektuelle og emosjonelle ressursar i form av sjølvforsvar for eigen praksis. Ingen likar å bli utfordra til å endre tilvant og innarbeidd praksis, aller minst når utfordringa kjem frå andre foreldre.

Til ein temakveld der emnet går på foreldra sitt ansvar for barn og unge og deira forhold til alkohol, må vi rekne med at vi vil møte mange og svært ulike haldningar i foreldreflokken.

La oss ta fram ein del slike:

  • Den positive og mottakande
    Så fint at dette emnet blir teke opp på dette foreldremøtet. Dette treng vi å snakke saman om. Altfor lenge har dette vore eit ikkje-tema.
  • Den skeptiske og spørjande
    Skal tru kva vi får høyre i kveld. Blir det sakleg faktastoff, eller blir det propaganda for eitt bestemt syn (fråhaldsstandpunktet)?
  • Den urolege og angstprega
    Huff, skal eg våge å gå i kveld? Alle dei andre kjem sikkert til å tenkje på meg og familien min. Det er ikkje så greitt å ha ein ektefelle med alkoholproblem, og ein ungdom som ser ut for å drive i same leia.
  • Den fastlåste forsvarsposisjon
    Same kva som blir sagt, skal i alle fall ikkje eg forandre mitt standpunkt. Eg og ektefellen vil nyte våre helgadrinkar som før utan innblanding frå andre.
  • Den idylliserande og skylapp-prega
    Alkohol- og rusproblemet er ikkje noko problem å snakke om her i vår bygd! Det er i byane og i tettstadene at slike problem finst, og der blir dei berre større og større! Hos oss er det trygt og fredeleg, og slik vil vi ha det.
  • Den energisk misjonerande
    Vi har vore fråhaldsfolk heile livet, både mannen min og eg. Og i kveld skal vi verkeleg seie vår meining om det forkastelege måtehaldsstandpunktet som er så vanleg blant foreldre i dag!

Fleire døme kunne nemnast. Men la desse stå som eksempel på det mangfald av haldningar ein kan kome til å møte under ein brei og open foreldrekveld der emnet er om barn, ungdom og alkohol og foreldra sitt ansvar. Og dette er forhold som arrangørane av ein slik kveld må ta omsyn til, både når det gjeld temavinkling, val av innleiarar, møteleiing og opplegg for kvelden. Frå spent vere på vakt-haldning til trygg samtale-atmosfære!

Nokre viktige sider å vektleggje i samarbeidet heim-skule

Barnas rett til alkoholfrie soner

Det er langt lettare å få ei trygg og open samtaleatmosfære når vinklinga for kvelden er barna sin rett til alkoholfrie soner heime enn om siktemålet skulle vere å gjere alle foreldre til fråhaldsfolk. Det siste er forresten svært urealistisk. Ta heller utgangspunkt i det felles ynskje som alle foreldre inst inne har for barna sine: at det må gå dei godt i livet, at barna må bli sparte for dei tragediar som alkohol og andre rusmidlar kan skape. Få fram at ein viktig føresetnad for dette er at barna kan oppleve at foreldra kan ha det hyggeleg heime utan å bruke av alkohol. At foreldre kan bli bevisste på å avstå frå bruk av alkohol i barna sitt nærver. Sagt kort: Om foreldra vil drikke er deira personlege sak. Når og kvar og saman med kven dei drikk, er ei sosial sak! Barn har rett til alkoholfri hygge heime hos sine foreldre.

Viktig å utsetje alkoholdebuten

All forsking viser at jo tidlegare barn og unge har sin alkoholdebut, jo tidlegare vil dei ta til å drikke, og jo større er faren både for å verte avhengig av alkohol og å for å bli påført framtidige alkoholproblem. Vi les om foreldre som sender med tenåringane sine ei flaske med heimebrent til den lokale festkvelden på ungdomsskulen eller ungdomslokalet, i den hensikt å kunne styre og kontrollere tenåringens alkoholkonsum. Resultatet er nedslåande. Dei unge drikk både det dei har fått med heimanfrå og ein del ekstra. Slikt er ikkje foreldreansvar, det er utillateleg foreldrenaivitet. I staden må vi halde fram at å utsetje alkoholdebuten er ei viktig foreldreoppgåve, ei oppgåve som også skulen må kjenne ansvar for.

Foreldre: sterke normsendarar og rollemodellar

Forsking slår vidare fast at barn og unge tek etter foreldra sine alkoholvanar. Samstundes veit vi at når ungdom drikk, er det ikkje i lag med foreldra sine, men i lag med kameratar. Det betyr at samstundes som dei vaksne er rollemodellar når det gjeld drikkemønster, har dei lite innsyn i eller kontroll med kva følgjene av det tillærte drikkemønsteret blir. M. a. o.: drikkemønster blir lært på tvers av generasjonane, drikkekultur utfaldar seg innan eigen generasjon!
Dette burde få mange foreldre til å tenkje seg om!

Ta tid til å snakke med barn og unge om alkohol

I tråd med punktet over (2.5.3) understrekar både forsking og allmenn erfaring det viktige ved at foreldre tek tid til å snakke med barna sine om forholdet til alkohol. Mange foreldre kvir seg på dette, kjenner seg usikre og brydde. Resultatet blir at barn og unge opplever eit veksande drikkepress i kameratflokken etter kvart som dei vert eldre, men får svært lite hjelp heime til å tenkje igjennom kva dei svarar når dei møter det aktuelle presset. Forholdet til alkohol er i mange heimar er dette eit ikkje-tema. "Det står en elefant i stuen, men ingen snakker om det!" (Magne Raundalen).

Konklusjonen mange forskarar dreg når det gjeld foreldra sitt ansvar er denne: Det beste synest å vere ei fast haldning der ein let vere å servere alkohol når barn er til stades, ei restriktiv haldning når det gjeld å servere alkohol i samlingar der ungdom er med, og evne og vilje til ei open, likeverdig og sannferdig samtale med barna og dei unge om kva alkohol er og kva forhold foreldra har til alkoholbruk. (Sjå bl. a. Henriksen og Sande: "RUS. Fellesskap og regulering". Kommuneforlaget 1994.)

Den gode samtaleatmosfære

Atmosfæren i heimen i forholdet mellom foreldre og barn er umåte viktig. Openheit, tillit, varme, omsorg og nærleik, kombinert med sunn grensesetjing er kvalitetar som betyr svært mykje, også i det førebyggjande arbeidet mot rusgifter. Det er for seint å vente med emne som forholdet til alkohol til guten eller jenta er blitt konfirmant.

Men den gode samtaleatmosfære i heimen kjem ikkje av seg sjølv. Den må skapast; over kakaokoppen eller pizzafatet, ved sengekanten eller over leksepulten. Mange foreldre kjenner på at dei kjem til kort innfor denne oppgåva. Det er noko sunt ved dette, for eigentleg burde langt fleire #av oss foreldre# kjenne det slik! Men det er viktig at foreldra ikkje blir sitjande igjen med ei lammande skuldkjensle, men kan oppmuntre kvarandre til å prioritere samvær med barna og heller skjere ned på andre aktivitetar i fritida.

Det ligg ei viktig erfaring i påstanden om at den beste investering småbarnsforeldre kan gjere er å setje av skikkeleg tid til samvær med sine barn, både kvantitativt og kvalitativt. I vårt hektiske samfunn er dette ikkje lett. Derfor treng vi å hjelpe kvarandre til å kome vidare.

Den opne heimen

Ei viktig side ved foreldra sitt rusførebyggjande arbeid er dei opne heimane. Heimar der barna og dei unge veit dei kan be kameratar med heim til seg både på kveldstid og i helgane. (NB: Der ein har husrom til det.) Opne heimar er ein oase for barn og unge og deira kameratar.
Viktigare enn ein ryddig gang og ein stilfull hall på fredagskvelden er ein "rufsete" gang full av boblejakker og fottøy som fortel at her har den unge generasjon innteke kjellarstova!
For nettopp i slike kjellarstover skapest det fellesskap som gjer at unge opplever å ha det festleg i lag utan fyll. Slikt er rusførebygging i praksis! Barnas kameratflokk og fritidsmiljø er eitt av dei viktigaste satsingsområdei det rusførebyggjandearbeidet.

Foreldre som engasjerer seg i barna sitt fritidsmiljø

Det er viktig at foreldre følgjer opp barna sine også utanfor heimen. Idrettslag, skulekorps, 4 H, Ten Sing, konfirmantleirar - alt dette er eksempel på formelle oppdragelsesorgan i lokalmiljøet som har teke på seg eit ansvar for barna og dei unge. At foreldre tek tid og stiller opp, er eit positivt signal til barna og dei unge om at det dei deltek i, er verdifullt. Dessutan vil det i slike samanhengar vere aktivitetar som krev vaksent nærver på ein spesiell måte. Tenk for eksempel på fotballturneringar som medfører ein del reisetid. Det er ikkje likegyldig korleis ei gruppe av større barn og unge feirar fotballsigeren når dei er på veg heim i bussen søndag kveld! Er det pilskasse med eller? Eller tenk på klasseturar eller konfirmantleirar med overnatting. Kor mange lærarar eller leiarar har ikkje opplevd smertefulle erfaringar på grunn av at det var for få vaksne med, og ein del unge fekk utfalde seg i smug med alkohol eller andre rusmidlar!

Ei spesiell merksemd er det grunn til å rette mot spesielle festnetter som natt til 1. og 17. mai.
I fleire miljø er det slik at ungdom som drikk, legg innpå ekstra mykje slike netter, og dei som ikkje drikk vert nådelaust pressa til å drikke. Mange foreldre kjenner seg hjelpelause mot den overmakt som russetradisjonane representerer, og kapitulerer. Det finst likevel døme på lokal-samfunn der både russen, foreldra, skulen, lag og organisasjonar, kyrkje og politi har gått saman om alternative festmarkeringar utan alkohol, og slik klart å snu straumen. Slike erfaringar kan vere ei oppmuntring til foreldre til å gå saman med ulike lag og etatar i lokalmiljøet og skape nye og gode tradisjonar. ( Sjå artiklar og reportasjar i Vardevakt 1/99 der temaet er "Det handler om å bry seg", utgjeve av Kristenfolkets Edruskapsråd.)

Korleis kan samarbeidet organiserast?

Vi vil til slutt sjå på nokre samanhengar der samarbeidet mellom skule og heim når det gjeld rusførebyggjande arbeid kan organiserast. Vi gjer dette kort og skissemessig.

Foreldremøte

Vi har fleire nivå for slik: Klasseforeldremøte, Trinnforeldremøte og Skuleforeldremøte. I vår samanheng vil både klasseforeldremøte for 5. klasse, trinnforeldremøte for 5. - 7. klasse og skuleforeldremøte vere aktuelle. Ved barneskular med berre ei klasse på kvart trinn, og ved fådelte skular, vil vi tilrå trinnforeldremøte for å få ei viss breidde i frammøtet av foreldre.

Eit opplegg for ein slikt foreldremøte kan for eksempel sjå slik ut:

  • Velkomst: Presentasjon av opplegget for kvelden
  • Tema: "Rusførebyggjande arbeid blant barn og unge. Eit felles ansvar for heim, skule og lokalsamfunn."
  • Innleiing ved lege, sosialarbeidar, politi, diakon, ungdomsarbeidar e. l.
  • Oppfølgjande kommentar ved lærar og foreldre.
  • Enkel servering, gjerne med alkoholfrie fruktdrikkar.
  • Foreldra har ordet: Anten i form av open samtale, spørsmål og debatt, eller i form av gruppearbeid over konkrete spørsmål, der det blir gjeve korte grupperapportar.
  • Tankar om ein lokal handlingsplan: (Bør omfatte både heim, skule# og# lokalsamfunn.)
  • Evt. oppnemning av ei arbeidsgruppe som får ansvar for ei oppfølging av kvelden.

NB 1: Ein kveld som dette bør førebuast skikkeleg av foreldre og lærarar i fellesskap. Vi tilrår at ein av foreldra er møteleiar, evt. deler på oppgåva med ein lærar. På denne måten vil kvelden synleggjere at dette er eit emne som ikkje minst er heimen og foreldra sitt ansvar.

NB 2: Legg spesielt vekt på at foreldre som kjem frå heimar der ein eller fleire i familien slit med rusproblem, kan kjenne seg inkluderte. Det er så flott at nettopp slike foreldre stiller opp.La dei sleppe å kjenne seg uthengde, stempla og uglesette. Legg vekt på å elske fram deira inste ynskje for sine barn, la dei kjenne seg stolte over å vere foreldre, og la la dei bli oppmuntra til å få tru på seg sjølve som oppdragarar!

NB 3: Ver merksam på det verdifulle pedagogiske "Barn i faresonen" som er utgjeve til bruk i skulen av Blå Kors. Eit opplegg som går på rusførebyggjande arbeid blant barn og unge. Ein del av dette materiellet vil mange foreldre ha interesse av å bli kjende med.

Foreldreengasjement i skulens undervisning

På mellomsteget skal minst 30 % av undervisninga brukast til tema- og prosjektarbeid (L 97 s. 83). Eit emne som "Alkohol og andre rusmidlar" vil eigne seg ypperleg som prosjektemne i 5. - 7. klasse. Fleire fag kan vere aktuelle å trekkje inn i eit prosjektarbeid på dette klassesteget. Natur- og miljøfag er eitt av dei, der det i fagplanen for 6. klasse heiter at "elevane skal bli kjende med døme på stoff som kan misbrukast, gi rusverknad og gjere folk avhengige, og drøfte årsaker til at somme byrjar med tobakk og rusmiddel, for å skape grunnlag for bevisste val." (L 97 s. 212). Heimkunnskap er eit anna fag som direkte omtalar rusmidlar på mellomsteget. Under "Helse og livsstil" heiter det at elevane "skal lære om korleis bruk av tobakk og rusmidlar kan påverke helsa, og bygge opp haldningar mot bruk" (L 97 s. 256). Andre fag som er sentrale å trekkje inn i eit slikt prosjektemne vil vere kristendomskunnskap (KRL-faget), samfunnskunnskap og kroppsøving.

Blant foreldra vil det ofte vere ressurspersonar som elevane kan intervjue under prosjektarbeidet. Her tenkjer vi ikkje berre på faktastoff om alkohol, individ og samfunn, men på heilt enkle og kvardagslege ting som dette med verdien av den opne samtale mellom barn og foreldre, opne heimar osv. Her kan vanlege foreldre ha mange nyttige tankar å dele som kan utfordre, engasjere og vekkje den unge generasjon til ettertanke.

Heim - skule - lokalsamfunn - eit viktig trekantsamband

Vi har ovanfor understreka verdien av at foreldre kan engasjere seg i fritidsmiljøet til barna og dei unge. Altfor lenge har vaksne levd i si verd, og unge i si. Ein slik isolasjon er eit tap for begge partar. Tida er overmoden til at vaksne viser at dei bryr seg om dei unge. Ikkje ved utidig kontroll og ekkel masing. Men ved at dei stiller opp og viser at dei har tid, omtanke, husrom og forventningar til dei unge. Ikkje minst kan det liggje spennande mulegheiter knytta til eit samarbeid mellom heim og skule på eine sida og lag, organisasjonar og etatar i lokalsamfunnet på den andre sida når det gjeld rusførebyggjande arbeid blant barn og unge. Her kan både politi/lensmann, helse- og sosialetat, Lions og Rotary, kyrkje og frivillige lag og organisasjonar vere viktige støttespelarar til heim og skule.

"Barnas trygghet - ditt ansvar". - Statistikken fortel at meir enn 200 000 barn i vårt land lid på grunn av foreldra sin alkoholbruk. Deira fortviling, angst og gråt gjer at det ville vere eit svik om vaksensamfunnet let vere å handle. Tragedien er stor nok som den er. Tida er overmoden for handling. Heim og skule må finne saman, før det er for seint!

Litteratur

Rus, fellesskap og regulering
Øystein Henriksen og Allan Sunde.
Kommuneforlaget, 1995, ISBN 82-446-0128-0

Vardevakt 1/99. Tema: "Det handler om å bry seg"
Kristenfolkets Edruskapsråd 1999

Barn i faresonen: Veilederperm
Blå Kors i Norge 1997

Mellom hjem og skole: Et spørsmål om makt og tillit
Per Arneberg og Birte Ravn (red.).
Praxis, c1995. 231 s. : ill. 82-90830-24-6 (h.)

Skolebarn og skoleforeldre: Om forholdet mellom hjem og skole
Kjersti Ericsson og Guri Larsen.
Pax, 2000 213 s. ISBN 82-530-2173-9 (h.)

Profesjonalisering av barneoppdragelsen: Muligheter og utfordringer for foreldre og fagpersoner
Vibeke Glaser Holthe
Tano Aschehoug, c1998. 129 s. ISBN 82-518-3678-6 (h.)


dot


blank

Nyheter


Forebyggingskurset i Stavanger 2010
Høstens samlinger er klare med dato og innhold. Noen av samlingene er åpne for andre.
Les mer...


Vintester - snikreklame?
Avisene driver gratis alkoholreklame, mener helsepolitiker Kjersti Toppe.
Les mer...

ARKIV:
SLN-kongress 2010
Rusfri Oppvekst var representert på Sveriges Lærares Nykterhetsforbund i Østersund.
Les mer...

blank
Landslaget for Rusfri Oppvekst, Postboks 12, 2101 Skarnes
E-post: post@rusfrioppvekst.no, telefon: 959 77 769